Hopp til innhold

- Mange har klaga på brøytinga

Sure og irriterte bilistar har onsdag ettermiddag og kveld ringt til Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Snøføre

SNØFØRE: Førde er ein av fleire stader i Sogn og Fjordane der det har kome mykje snø i løpet av onsdag kveld.

Foto: Anna Gytri / NRK

- Mange er misnøgde med brøytinga, fortel vaktoperatør Arne Stadheim.

- Ein del har vore sinte

I løpet av ettermiddagen og kvelden har det onsdag lava ned med snø fleire stader i Sogn og Fjordane.

Ute på vegane er det mange som har opplevd det dei meiner er for dårleg brøytte vegar.

- Det har vore mange som har ringt og vore sinte og forbanna i dag, ja, seier Stadheim.

- Brøytemannskapet er ute

Han seier entreprenørane rundt om kring i fylket gjer tilbakemeldingar på at dei har alle mann ute for å halde vegane.

- Men så er det jo andre då, som ringer og seier dei ikkje har sett snurten til brøytemannskapet, seier Stadheim.

- Ver obs på sleipt føre

Den tette snøen gjer at det fleire stader er noko krevjande køyreforhold, og Stadheim ber folk om å vere forsiktige.

- Når snøen kjem på denne temperaturen, så er det fort at det vert veldig sleipt føre, seier Stadheim.

Onsdag ettermiddag var det to trafikkuhell på riksveg 15 i Vågsøy.

Slik er det på vegane

Riksveg 13 over Vikafjellet er onsdag kveld stengd grunna opprydningsarbeid, og det er ikkje venta at vegen vert opna att i kveld.

På E16 mellom Voss og Gudvangen oppmodar Statens vegvesen store køyrety om å bruke kjetting.