Hopp til innhold

Brot på sjø­kabel – tjuetals eldre var utan tryggleiks­alarm

Fleire titals personar var utan tryggleiksalarm etter at ein sjøkabel rauk i Sognefjorden nyttårsaftan. – Uhaldbart, seier ordførar Petter Sortland.

Utsikt vestover Sognefjorden frå Kyrkjebø i Høyanger kommune.

RÅKA: Fleire hundre er utan dekning i Høyanger og Gulen etter at ein sjøkabel rauk i Sognefjorden.

Foto: Gerita ten Bolscher

SISTE: Kl. 17.11 melder Telenor at bebuarane i Høyanger og Gulen har fått tilbake mobildekning og internett.

– Dette er ikkje haldbart i 2024, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Totalt var over 800 personar utan dekning i kommunane Høyanger og Gulen etter at ein sjøkabel i Sognefjorden rauk nyttårsaftan.

I tillegg råka det også mobildekninga på delar av E39, hovudfartsåra mellom Bergen og Ålesund.

Som ein følgje var fem basestasjonar ute av drift.

fleire hundre er utan dekning etter at sjøkabel rauk i gulen og høyanger

Over 800 personar i Høyanger og Gulen er råka av hendinga. Ferjesambandet Lavik- Oppedal er også utan dekning.

Foto: Skjermdump / Telenor

Dette råka særleg mange eldre og andre som er avhengige av tryggleiksalarmar for å varsle kommunen om dei treng hjelp.

For utan dekning får dei ikkje varsla. Ifølge kommunen gjeld dette ni personar.

– Dette ser vi veldig alvorleg på, seier ordførar Sortland.

I Gulen stod 12 personar utan fungerande tryggleiksalarm.

NRK er blitt kontakta av innbyggjarar som er uroa for tryggleiken. Enkelte fortel om mindre alvorlege uhell, men der det har vore behov for hjelp.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger.

– No må Telenor ned av hesten og få ordna dette, seier ordførar i Høyanger Petter Sortland.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Grunna manglande mobildekning har ein ikkje kome i kontakt med andre.

Kommunen har vore i høgste beredskap, og særleg innan helse.

– Betyr det at personar utan fungerande tryggleiksalarmar er godt nok varetekne?

– Ja, den auka beredskapen går ut på at heimehjelpa er ekstra på vakt og har fleire besøk.

Naudnettet skal fungere, seier ordføraren.

Frode Akse i Lavik

Frode Akse har måtte vise mange kundar vidare fordi pumpene og elbil-ladaren ikkje fungerer.

Foto: Oddmund Haugen / nrk

Sjåførar som har stoppa ved Lavik Maskinsenter for å fylle drivstoff frå tankane her, eller lade bilen sin, har måtte køyre vidare.

Her har det nemleg ikkje kome ein einaste drope ut frå tankane sidan nyttårsaftan.

– Det har skapt ein del utfordringar, seier dagleg leiar Frode Akse, som seier dei har tapt ein god del pengar på dette.

– Sjølv om slike hendingar skjer frå tid til anna, så burde det ikkje gjere det i vår tid, seier han.

Avviser sabotasje

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor, seier han forstår frustrasjonen til dei som er råka, men at når det først går gale med sjøkablar, så tek det lang tid å reetablere dei.

Kabelen har sokke fleire hundre meter ned på havbotnen.

Sjøkabel til Sognefjorden. Bildet viser kabel på land

Sjøkabelen går frå land og ned i Sognefjorden. Kabelen rauk om lag 15 meter frå land, men den andre enden av kabelen er ikkje funnen enno. Den ligg på fleire hundre meters djupne og er ikkje særleg lett å finne.

Foto: Telenor

– Det vil vere «enormt kostbart» og ta mange månader å reparere den 28 kilometer lange sjøkabelen, seier Amundsen.

Telenor har no kopla om sambandet til basestasjonane som er råka.

Denne løysinga kan verte permanent dersom den fungerer godt nok.

Framtida til sjøkabelen er difor ikkje avgjort enno.

Truleg er slitasje årsaka til at sjøkabelen rauk. Telenor avviser at det er snakk om sabotasje. Slike sjøkablar skal eigentleg ikkje ryke, men likevel skjer det om lag fire gonger i året, seier Amundsen.

Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor.

Sjøkablar skal eigentleg ikkje ryke, men likevel skjer det om lag fire gonger i året, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor.

Foto: Telenor

Sjøkabelen rauk om lag 15 meter frå land.

Ifølge Firda skjedde dette ved Kyrkjebø i Høyanger, men dette vil ikkje Telenor kommentere av tryggleiksomsyn.

Aukar beredskapen

– Vi har så langt ikkje hatt nokre uheldige hendingar, men vi følger ekstra nøye med, seier kommunedirektør Irene Søreide i Gulen.

Over 400 personar over 18 år var råka. Dei er fordelte på 209 husstandar.

I tillegg var nær 160 andre bygg som gardsbruk og hytter råka.

Gulen auka også opp beredskapen og gjekk ut med informasjon til innbyggarane om korleis dei kan nå naudetatane.

12 personar stod utan fungerande tryggleiksalarm.

Sjøkabel til Sognefjorden. Bildet viser kabel på land

Kablar kan anten i luft, i bakken eller i sjø. Problemet med sjøkablar er at når det først går gale, så går det lang tid å rette opp i feilen, seier Amundsen i Telenor.

Foto: Telenor

Heimetenesta har eigen beredskap ut mot desse, og det er også eit naudnett dei kan nytte, fortel Søreide.

Eivindvik skule og Brekke barnehage-og skule var heilt utan nett -og mobildekning.

– Vi merkar at det er sårbart. Vi får ein påminning om at slike kablar kan gi såpass store konsekvensar, seier Søreide.