Alt går no mot at deponiet endar i Sokndal i Rogaland.
Feilinformerte
Brosvik er skuffa over at regjeringa – som arbeider for aktiv konkurranse på andre felt – ikkje syter for det i eigne saker. Ho meiner at partikollega og olje- og energiminister Einar Steensnæs har feilinformert på fleire punkt i eit svar til Stortinget etter nyttår.
Feilinformerte denne mannen?
I svaret seier Steensnæs at ingen av alternativa hadde gitt eit bindande pristilbod og at økonomien i Sokndal-alternativet var betre. Begge delar er ifølgje Gulen-ordføraren feil. Frå Gulen er det gitt bindande tilbod, og alternativet er i tillegg langt billegare enn eit deponi i Sokndal. Brosvik skriv at kommunen er svært skeptisk til den prosessen som har vore i denne saka, og vil altså ha ei ny vurdering av det heile.
"Særleg skuffa er vi over at ei regjering som elles arbeider aktivt for konkurranse på like vilkår, både i det private og det offentlege, ikkje syter for dette i eigne saker." Slik avrundar Trude Brosvik brevet til Einar Steensnæs – der ho til sist ber regjeringa om å sjå på deponisaka nok ein gong.
Det heile handlar om kvar Noreg skal deponere det lågradioaktive avfallet som kjem frå oljeindustrien. Og for ein fattig kommune som Gulen handlar det også om sårt tiltrengde kroner i kommunekassa.
Statleg garanti til Sokndal
Dei to alternativa er Sokndal i Rogaland og Gulen. Før jul bestemte regjeringa at dei skal prøve å få på plass ein statleg garantiordning for eit deponi i Sokndal. Ein slik garanti skal mellom anna sikre økonomi til å ta hand om avfallet viss den som driv deponiet skulle gå konkurs – og er naturleg nok eit svært sterkt signal om kvar regjeringa vil ha deponiet.