I tillegg gjekk Stårheim-løparen Kenneth Aaland inn til fjerdeplass på normaldistansen og femteplass på sprinten. Trenar Arve Hafsås meiner innsatsen til 14- og 15-åringane i helga tyder på at det gror godt i spora etter Ronny Hafsås, Stine Øvreberg og Tarjei Bø.
Skiskyting i vekst
Jens Einar Aaland og Rune Myklebust frå Hardbagg, Kenneth Aaland frå Stårheim og Richard Haugen frå Hornindal utgjorde kvartetten som gjekk inn til bronse på Meråker. I tillegg til dei fine plasseringane til Kenneth Aaland hadde dei 16 krinsløparane fleire plasseringar inne blant topp 30. - Ein sterk prestasjon i ein idrett i vekst, meiner Arve Hafsås.