Hjørnesteinsbedrifta i Hyen har inngått ei intensjonsavtale med finske Summa Defence om å etablere eit nytt selskap.
Saman vil dei starte opp igjen drifta i slutten av september og gradvis hente inn att tidlegare tilsette.
Dei vil då fullføre prosjekta som var i gang ved verftet og skape ny verksemd.
Brødrene Aa har vore ei hjørnesteinsbedrift i Hyen i Gloppen kommune, som designar og bygger hurtigbåtar i karbonfiber.
I april sende verftet permitteringsvarsel til 170 tilsette, då tre kontraktar med Norled om bygging av nye hurtigbåtar vart kansellerte.
Tre veker seinare, i slutten av mai i år, slo dei seg konkurs.
Vil hente tilbake tidlegare tilsette
Det blir gode moglegheiter for tidlegare tilsette å kome tilbake i jobb på verftet utover hausten, ifølge tidlegare styreleiar Gustav Johan Nydal.
Men kor mange som kan kome tilbake er foreløpig uvisst.
Nydal var aldri i tvil om at Brødrene Aa kom til å starte opp igjen drifta. Det var berre eit spørsmål om når, seier han.
Foto: Nils Ole Refvik / NRK– Vi kjem til å trappe opp igjen aktiviteten gradvis.
I første omgang vil selskapet konsentrere seg om å bygge ferdig dei båtprosjekta dei var i gang med før konkursen.
– Det står att no å få på plass avtaler med kundane på desse båtane. Det er det vi kjem til å jobbe med no fram mot oppstart i september, seier Nydal.
Jon Vidar Storsletten er tillitsvald for dei tilsette i Brødrene Aa.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKTillitsvald i selskapet, Jon Vidar Storsletten, håpar at selskapet no tek tilbake alle som har lyst å jobbe der.
– No har vi gått og surra rundt i heile sommar. Dei fleste er vel klare for å begynne i jobb igjen.
– Vi hadde ikkje noko val
Situasjonen etter oppbodet av Brødrene Aa har vore trist og ubehageleg, seier tidlegare dagleg leiar i selskapet, Tor Øyvin Aa.
– Men vi hadde ikkje noko val, sann som situasjonen blei.
I juli sette selskapet i gang ny drift i Eikefjorden.
Men verken Nydal eller Aa var nokon gong i tvil om at dei skulle starte opp igjen for fullt. Spørsmålet var berre når og med kva for ein investor.
Den tidlegare daglege leiaren er pensjonert, men vil likevel bidra med å få i gang god drift i selskapet igjen.
Foto: Arne Stubhaug / NRK– Eg har vore sikker på at vi skulle få i gang drifta igjen heile tida. Men det har vore viktig å få ein så god base som mogleg før vi starta opp att, seier Aa.
Planen er å halde fram med båtproduksjon slik dei har gjort tidlegare.
– Vi har eit spesielt byggemateriale. Det er ein av grunnane til at Summa Defence er veldig interessert i det vi held på med. Og å kunne bruke det i andre produkt enn vi brukar det i dag. Men deira ønske er at vi skal halde fram med båtproduksjon.
Etablerer nytt selskap med finsk investor
– Summa Defence vil med dei andre verfta sine tilføre både kapital og kompetanse i den nye drifta og styrkje kapasiteten ved verftet i Hyen.
Det seier Nydal, representant for Brødrene Aa Eiendom, i ei pressemelding tysdag ettermiddag.
Saman med den finske investoren skal Brødrene Aa halde fram å produsere hurtigbåtar.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKDet finske forsvars- og tryggingsteknologikonsernet Summa Defence eig frå før to verft i Finland.
Konsernsjef Jussi Holopainen ser store moglegheiter ved å tre inn med majoritetane av aksjane i det nye selskapet.
– Dette vil stryke posisjonen vår i skipsbyggingsmarknaden og auke potensialet for skipsbygging til forsvaret, seier konsernsjefen.
Design- og ingeniørselskapet Paradis Nautica er òg ein del av oppkjøpet, noko som vil bidra til å styrke Summa-konsernet sine design- og utviklingsressursar ytterlegare, skriv dei i pressemeldinga.