Måljegeren Steinar Tenden har sett inn 109 mål på 90 kampar for Stryn, og ein imponert Brann-trenar Mons Ivar Mjelde signerte ein seks månaders kontrakt med 26-åringen, etter at Tenden prøvespelte for klubben i fotballferien.
Leggskade
I august var stryningen på plass i Bergen, men var så vidt blitt varm i branntrøya før ein alvorleg leggskade i Brann 2 sin kamp mot Sandnes-Ulf 17. august sette han på sidelinja.
I tillegg til nokre kampar for andrelaget til Brann har det vore minimalt med speletid i branntrøya for stryningen. Fire minutt i tippeligakampen mot Bodø Glimt og eit par minutt i cupkampen mot Bryne er alt han kan slå i bordet med.
Dermed returnerer stryningen til heimbygda når sesongen 2004 er over.
På hobbybasis
Steinar Tenden har hatt kontakt med ei rekkje andre klubbar, men akkurat no er han ikkje motivert til å tenke på fotball utover hobbystadiet.