Hopp til innhold

Brann i Ytre Sandviken sløkt

Brannen i Ytre Sandviken i Bergen er sløkt, seier vaktkommandør ved 110 Vest, Helge Lund, til NRK.

Brannen starta i ein gassgrill i eit rekkehus, og spreidde seg så til terassen og taket, i følgje meldingar frå 110 Vest og politiet.

Brannvesenet trykkset no tilstøtande boligar med kraftige vifter for å hindre at røyken frå brannstaden spreier seg inn der, fortel Lund.

Dei skal no følgje med på bygget med varmekamera for å sjekke at det ikkje er varme punkter i bjelkelag eller andre strukturar, legg han til.

Det er evakuert til saman 5 personar frå huset og nabohuset, melder politiet. Det er ikkje meld om personskade.

Brann Helleveien
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK