Hopp til innhold

To personar vart redda ut av brennande hus i Bergen

Det starta å brenna i eit rekkehus i Bergen laurdag kveld. To personar måtte bergast ut via terrassen.

Brann rekkehus Bergen.

EVAKUERT: Alle bebuarar, i totalt sju bueiningar, vart evakuert då det starta å brenna i eit hus på Bønes i Bergen laurdag kveld.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Klokka 20.42 laurdag kveld fekk naudetatane melding om brann i eit rekkehus på Bønes i Bergen. To personar vart evakuert ut via ein terrasse, og får tilsyn av helsepersonell på staden.

Det brann godt i midtre del av bygget, og det var opne flammar på taket.

– Me rykte ut med store ressursar, frå både brann, helse og politi. I starten var situasjonen uoversiktleg, seier politiet sin innsatsleiar, Ivar Kvant til NRK.

Rekkehuset ligg i eit område med mange andre hus, og difor var faren for spreiing stor.

Brann på Bønes i Bergen

To personar vart evakuert ut av eit brennande hus utanfor Bergen sentrum laurdag kveld. Brannvesenet har no kontroll.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Dette var ei alvorleg hending, og dei to på terrassen var i stor fare. Dei er no teken hand om av helse, men det er ikkje noko som tydar på alvorleg skade, seier innsatsleiaren vidare.

Dei fekk tidleg informasjon om at det berre var to personar i leilegheita som brann.

Har kontroll

Klokka 21.34 fortel vaktkommandør Helge Lund på 110-sentralen at dei har kontroll på brannen.

– No fekk eg akkurat melding om at me har kontroll på brannen. I tillegg har me trykksett dei andre leilegheitene i rekkehuset, fortel han.

Dei jobbar no utover kvelden med å få ned temperaturen i bygget.

Han fortel at dei starta innsatsen med å evakuera ut to personar frå ein terrasse.

– Dette gjekk føre seg utan dramatikk, fortel han.

Brann i rekkehus Bergen.

Brannen skal ha starta i ei bueining, og deretter spreidd seg oppover taket.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Veg stengt

Brannen skal ha starta i same bueininga som dei to vart evakuert frå. Deretter skal brannen ha spreidd seg opp i takkonstruksjonen.

– Me skal ha innsats på staden lenge, om det så vert gjennom natta. Me må få ned temperaturen i bygget, seier han.

Politiet sin innsatsleiar seier at leilegheita der brannen starta har brannskadar. Vidare er det mindre skader på ei av naboleiligheitane.

– Men me reknar med at resten av bebuarane i rekkehuset kan flytta tilbake i løpet av kvelden eller natta, seier han.

Fv 5368 Bråtet er stengt som følgje av brannen.

NRK anbefaler