Hopp til innhold

Kraftig brann i leilegheitsrekke – jobba for å hindre spreiing

Brannvesenet jobba for å hindre spreiing til andre delar av bygget etter at det tok til å brenne kraftig i ei leilegheit i Kvinnherad.

Brann, Uskedalen i Kvinnherad

RYKTE UT: Naudetatane rykte ut etter melding om brann i ei leilegheit i Uskedalen i føremiddag.

Foto: Elisabeth Berg Hass / Kvinnheringen

SISTE: Brannen er sløkt, melder politi og brannvesen

Meldinga om brannen kom rundt kl. 10.20. Brannen har oppstått i ei leilegheitsrekke med åtte leilegheiter

Rundt kl. 11.30 melde 110-sentralen at det kan sjå ut som dei kan greie å hindre spreiing.

– Brannvesenet greier truleg å avgrense brann mot naboleilegheitene. Ut frå situasjonen no kan det sjå ut som vi så smått begynner å få kontroll, fortel vaktkommandør Christer Skei ved 110-sentralen.

Det skal ikkje vere folk i leilegheita. Det er heller ikkje meldt om at nokon er skadde. Folk i naboleilegheita er evakuerte ut.

– Leilegheita det brenn i ligg i enden. Det brenn godt og er fare for spreiing, sa operasjonsleiar Per Algrøy til NRK tidlegare i dag.

Skei fortel at det blir sendt mannskap frå Haugesund for å berge ut verdiar og gjenstandar frå naboleilegheiter. Det vil bli drive ettersløkking utover dagen.

Fylkesveg 500 har vore stengt som følgje av brannen, men der er no manuell dirigering i eit felt.

Laster Twitter-innhold