Hopp til innhold

Brann i båt i Bergen

Klokka 20.44 fekk naudetatane melding om brann i ein båt ved Mathallen og Fisketorget i Bergen. Personen som var om bord, har kome seg ut av båten og har klart å sløkkja brannen sjølv. Det var ingen open eld då naudetatane kom fram, berre røyk. Båteigar blir tilsett av lege på staden.