Stig Even Lillestøl (29) har vore ukjend for dei fleste – også heime i Sogn og Fjordane.
No skal han på Stortinget for Framstegspartiet.
– Eg er kjempefornøgd! seier han.
Frp ligg an til 23,8 prosent på landsbasis. Disse unge mennene har no kurs mot Stortinget for Frp:
- Simen Velle (24) frå Oslo
- Martin Virkesdal Jonsterhaug (25) frå Hordaland
- Joakim Myklebost Tangen (23) frå Møre og Romsdal
Fornøgde rånarar
Til dagleg har Stig Even Lillestøl budd i Kristiansand. Der har han jobba i iNyheter, ein nettavis starta av tidlegare Resett-redaktør Helge Lurås.
På heimplassen til Lillestøl er rånarane godt nøgde med eit sterkt Frp.
– Eg synest det vil vere fint å få endring på dette Stortinget, som går til helvete, seier 18 år gamle Patrick Halnes.
Saman med kompisar bruker han valkvelden i ein BMW 5-serie.
– Kva forandring ønsker du?
– Det er mest billigare drivstoffprisar og strengare straffar for kriminalitet, seier Halnes, som kjem frå Måløy.
Patrick Halnes (midten) stemte på Frp. Han håpar på lågare drivstoffprisar.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKMor er stolt
Litt over sentrum sit foreldra til Lillestøl klistra til skjermen. Dei er stolte av guten sin.
– Heilt ifrå han var ti-elleve år har han vore veldig samfunnsbevisst. Men at han skulle komme så langt, det var eg ikkje klar over, seier Norlaug Søvik.
Dei feirar med kaffi og kake.
– Det er eit fantastisk resultat, seier far Ottar Lillestøl.
Mor og far hadde ikkje trudd at sonen skulle bli stortingspolitikar.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKI valkampen har Lillestøl kjempa i tråd med Frps politikk – mot sløsing, offentleg byråkrati og subsidiering av klimaprosjekt.
– Med meg vil Stortinget får ein yngre kandidat som ser og kjenner til dei yngre sine utfordringar, seier han.
Også i andre parti har unge profilar kurs mot tinget. 19 år gamle Frøya (MDG) blir tidenes yngste stortingsrepresentant, ifølge NRKs prognose.
I Rogaland vil 27 år gamle Jonas Andersen Sayed (KrF) og Morten Sandanger (Ap) på 28 også truleg vil innta stortingsbenken.
Oppslutning
Parti | Oppslutning | Endring |
---|---|---|
Viser endring fra forrige stortingsvalg.