Hopp til innhold

Bråk, høg musikk og skadeverk

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Natt til søndag var prega av bråk, høg musikk, skadeverk, brannar og førarar som braut lova i trafikken.

Ved eitt-tida natt til søndag fekk politiet melding om skadeverk på ein bil i Florø. Politiet opplyser at eigaren av bilen vil melde saka til politiet over helga.

Måtte dempe feststøy

Ein halvtime seinare måtte operasjonssentralen i Florø sende ut ein av patruljane i Førde på oppdrag.

Det kom nemleg inn klage på støy og høg musikk frå ei adresse i Førde.

Politipatruljen reiste til staden og snakk til dei som var der, og påla dei om å vere stille.

Rusa mann laga bråk

Litt før klokka to måtte ein politipatrulje ta hand om ein rusa mann i 20-åra som laga bråk på ein utestad i sentrum av Sogndal.

Det er oppretta sak på mannen som er heimehøyrande i Nordfjord.

Politiet og Utrykkingspolitiet tok totalt 17 bilførarar laurdag og kveld og natt til søndag. I tillegg måtte politiet rykke ut til to brannar i Førde. Les meir om desse sakene her: