Hopp til innhold

17 førarar måtte punge ut

Laurdag kveld og natt til søndag hadde politiet kontrollar i Lærda, Vik og Gudvangen.

Utrykkingspolitiet hadde rigga seg til på E16 i Lærdal. Dei kontrollerte farten i ei 60-sone.

Totalt vart 13 bilførarar vinka inn, og må no betale for å ha køyrd for fort. Høgste målte fart var 76 kilometer i timen, noko som betyr 4200 kroner i bot.

I Vik hadde også politiet rigga seg til med kontroll. Her fekk tre førarar forenkla førelegg for å ha køyrd utan bilbelte.

I Gudvangen på E16 stoppa politiet ein førar som køyrde 98 kilometer i timen i ei 80-sone. Han må no betale 3600 kroner til staten.