Hopp til innhold

Politiet måtte sløkke brann

Nokon hadde tent opp bål på ein parkeringsplass midt i Førde sentrum.

Sette fyr på bosspann i Førde

BRANN: Nokon hadde sett fyr på eit bosspann i Førde natt til søndag.

Foto: Simon Solheim / NRK

Politiet fekk melding klokka 05.15 natt til søndag, og rykte ut til staden.

Vitne hadde meldt frå om eit bål utanfor Naustdalsvegen 5 i Førde. Ein bossdunk var sett fyr på rett utanfor Flisekompaniet.

Politipatruljen som rykte ut sløkte brannen. Politiet vil finne ut kven som står bak brannen, og ber om tips i saka.