- Dette betyr at økonomien kjem tilbake for alle typar pels, seier Finn Årdal.
Kulde og mote = gode prisar
Han er styremedlem i Norges Pelsdyrlag, og gler seg over utviklinga. Det betyr mykje for næringa at både produksjon og prisar viser ei kurve med positivt forteikn.
På einskilde typar pels har det vore 50 prosent prisauke frå juni til desember 2009. Prisane for pels frå sølvrev har vore stabile, men no kjem også dei andre typane som for blårevpels etter.
- Aller best er minken. Der er det ein solid pris for tida, seier Årdal.
Ein kombinasjon av den kalde vinteren på den nordlege halvkule og det faktum at pels er tilbake i motebiletet gjer sitt til at prisane er stigande.
Positive signal frå motemesser
Samstundes har produksjonen av pels dei siste åra gått nedover - og det har også bidrege til høgare prisar.
Det er gode nyhende for ei næring der mange har talt på knappane for om dei skulle halde fram med pelsproduksjon.
- Det har vore for dårleg økonomi i mange år for dei fleste typar pels. No ser det ut for at det skal rette seg, og då ser folk lysare på det med ein gong. Ein må ha ei skikkeleg inntekt, dersom ein skal investere og satse vidare, seier Årdal.
Pelsdyrnæringa har fått positive signal frå marknaden rundt omkring i verda. Om det ikkje skjer noko dramatisk, går næringa ein god sesong i møte.