Kommunen har skrive under på ein intensjonsavtale med helseføretaket om å overta eigedomen for fem millionar kroner.
I dag skriv Firdaposten at både for sein avklaring og ulik oppfatning av vilkåra kan skape problem for handelen.
– For meg er spørsmålet enkelt. Vil Flora kommune kjøpe sjukehuset eller ikkje? Eg saknar tilbakemeldingar, seier Jon Bolstad til avisa.
– Vi må ha kjøp
Intensjonsavtalen førte til intern uro i Flora-politikken. Gruppeleiarane i bystyret meiner det ikkje er noko naudsynt samanheng mellom intensjonsavtalen og eit eventuelt kjøp.
Noko Bolstad avviser overfor Firdaposten.
– Vi må ha eit kjøp for å komme vidare og diskutere kva vi skal samarbeide med Flora kommune om når det gjeld samhandlingsreforma, seier han.
Ulik oppfatning
VENTAR: Jon Bolstad venta at avtalen for lengst skulle ha vore klar for godkjenning av bystyret i Flora.
Foto: Stig Indrebø / NRKGruppeleiarane meiner ifølgje avisa at avtalen handlar om kva spesialisthelsetenester Helse Førde skal hjelpe Flora kommune å tilby innbyggjarane sine.
– Føresetnaden for eit kjøp har heile vegen vore at intensjonsavtalane var kopla til kjøpekontrakten. Vidare at kommunestyret skulle vedta eller gje fullmakt til gjennomføring raskt, skriv Bolstad i brevet som vart handsama av gruppeleiarane denne veka.
Fekk kritikk
Denne veka fekk Bolstad kritikk for å ha stilt opp som den omstridde høgrepolitikaren sin personlege rådgjevar i eit oppvaskmøte mellom Nødseth og Høgre.
Styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen, meinte det med tanke om forhandlingane kring sjukehusbygget i Flora kunne bli eit spørsmål om habilitet.