Hopp til innhold

Bokbåten får leve nokre år til

Bokbåten i Sogn og Fjordane får leve vidare i minst tre år til. Det er klart etter at fylkestinget sette av 800 000 til båten kvart år dei næraste åra.

Epos

FRÅ LEVE LITT TIL: Dei tre neste åra blir avgjerande for om bokbåten overlever.

Norunn Lunde Furnes i Kristleg Folkeparti har kjempa for bokbåten. Ho er framleis bekymra.

– Eg er litt skuffa, for det er knytt usikkerheit til bokbåten. Det som er bra er om ein kan omorganisere slik at ein kan nå fleire. Men det er absolutt utrygt når vi ikkje har fått den inn i stratgiplanen for biblioteka.

Vurderer å bruke den som kulturbåt

Bokbåten Epos

BESØKJER BYGDER: Bokbåten tek turen innom stader der det ikkje er bibliotek.

Foto: Bokbåten

Båten går til grender på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester. Tidlegare har fylkesutvalet for kultur gått inn for å kutta støtta til båten.

No vil altså Fylkestinget bruka 800 000 kroner på båten kvart år, men då skal eit utval prøva å få effektivisert drifta. Det vil seia at utvalet skal sjå på kvar båten bør stoppa, og om det bør verta ein meir omfattande kulturbåt og ikkje berre bokbåt.

– Har overlevd seg sjølv

Etter tre år skal utvalet evaluera om båten vert drifta betre, fortel kulturpolitikar Harry Mowatt.

– Vi har sikra den i tre år, til evalueringa kjem. Dersom dette blir ei god ordning, så kan det godt hende den overlever. Men bokbåten slik den er no, føler vi har overlevd seg sjølv.

Video Her er eg Kristianne

BLI MED PÅ BOKBÅTEN: Kristianne Fagerlid får besøk av bokbåten Epos heime på øya Barmøy i Selje.