Utrykkingspolitiet gjorde store auge sist veke, då dei stansa mannen i 30-åra. I bilen fann dei over 200 busker og blomstrar han hadde stole frå eit lokalt gartneri. Tjuvgodset vart levert tilbake, og politiet fann ikkje grunnlag for varetektsfengsling.
Dermed prøvde den blomstergladet karen seg igjen, denne helga var det Samvirkelaget på Nordfjordeid som fekk gjennomgå. Over 100 blomstrar vart stolne natt til laurdag, men politiet var sikre på kor dei skulle leite.
Mannen er glad i alle slags blomstrar, fortel lensmann Webjørn Moa. No vil han har slutt på blomsterraida. Det blir oppretta sak mot mannen.