Plutseleg fekk Grethe ein høg vegg framfor stovevindauget

Utan at eigar eller bebuarar var informerte, sette kommunen opp veggen framfor bufelleskapet. Kommunen vedgår feil, og skuldar på kommunesamanslåinga.

Grethe Skåla viser veggen som blei sett opp utanfor bustaden hennar i Idrettsvegen bufellesskap.

INNESTENGD: Grethe Skåla fekk ikkje beskjed om at kommunen skulle setja opp den høge veggen utanfor bustaden hennar.

Foto: Kenneth Svenningsen / Os & Fusaposten

– Me visste ingenting før veggen stod der. Då me såg den høge veggen, fekk me nesten sjokk, seier Kjell Skåla.

I 20 år har dottera hans, Grethe Skåla, budd i bufellesskapet for psykisk utviklingshemma i Os, sør for Bergen.

Veggen blei sett opp av Bjørnafjorden kommune måndag 13. januar. Først dagen etter fekk bebuarane brev om veggen, og det blei sendt etter at foreldre hadde bede om eit møte.

– Dottera mi føler at ho sit i fengsel, seier Skåla.

Det var Os & Fusaposten som skreiv om saka først.

Gerhard A. Hansen er styreleiar i Stiftelsen Steindalen, som eig bygningane bufellesskapet held til i.

OVERRASKA: Styreleiar Gerhard A. Hansen i Stiftelsen Steindalen meiner veggen som blokkerer inn- og utsyn i bufellesskapet er lite fin.

Foto: Kenneth Svenningsen / Os & Fusaposten

Vil skjerma for innsyn

Før hadde Grethe Skåla eit vanleg hagegjerde, med utsikt mot vegen og naturen.

No skuggar den 1,8 meter høge og tette veggen heilt for utsikta.

I brevet som blei sendt til bebuarane, skriv kommunen at dei har sett opp veggen fordi dei vil skjerma bebuarane for innsyn.

– Det kunne ein klart med gardiner og persienner også, meiner Kjell Skåla, som krev at kommunen riv veggen.

Kommunen vil ikkje utdjupa årsakene til at dei har sett opp veggen, og viser til teieplikta.

Det er to av dei fire bebuarane som har klaga på veggen, og ifølgje Os & Fusaposten er det ulike oppfatningar blant dei som bur der om kva inn- og utsyn som er greitt.

Skuldar på kommunesamanslåinga

Det er Stiftelsen Steindalen som eig bustadene i Idrettsvegen, og som leiger dei ut til kommunen. Heller ikkje dei blei varsla om at den høge veggen skulle opp.

– Kommunen tok kontakt i fjor og fortalde om behovet for å avgrensa innsynet til bustadene. Avtalen var at kommunen skulle koma eit forslag til løysing, seier styreleiar i Stiftelsen Steindalen, Gerhard A. Hansen.

Difor blei eg veldig overraska då veggen brått stod der, utan at me var blitt informerte.

Bjørnafjorden kommune stadfestar overfor NRK at dei har brote informasjonsplikta overfor eigarane.

Dei skuldar på hektiske tider i samband med kommunesamanslåinga.

– Her har eg gløymt meg ut og det legg eg meg flat for, seier Dag Søfteland, som er leiar for eigedom drift i Bjørnafjorden.

Usikkert kva som skjer med veggen

Kommunen vedgår også at informasjonen til bebuarane kunne vore betre.

– Me har dialog med dei involverte og jobbar med forslag til korleis me kan løysa usemja rundt gjerdet, seier einingsleiar for tilrettelagde tenester for vaksne i Bjørnafjorden, Torunn Haugen.

Ho vil ikkje utdjupa kva forslag det er snakk om. Det er difor usikkert om veggen blir riven eller ikkje.