Hopp til innhold

Bilulukke på Kaupanger

Tre personar er sendt til sjukehus etter ei bilulukke på riksveg 5. Ein person vert frakta med luftambulanse til Førde. Dei skal ikkje vere livstrugande skada. Ein bil har køyrd inn i fire andre bilar ved ei lysregulering. – Det skal vere snakk om høg fart, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy. Vegen var stengd i ei periode, men er no open for fri ferdsel.

Bilulukke på kaupanger
Foto: Stein Otto Førde