Hopp til innhold

Bilførar redda etter utforkøyring

Ein bil køyrde utfor vegen ved Solvorn i Luster, melde politiet klokka 16.31. Bilen hamna utfor vegen og låg i bratt lende. Naudetatane var raskt framme på staden. Politiet hadde kontakt med bilførar, men han sat fast inne i bilen, opplyste politiet til NRK. Det vart difor jobba med å sikre bilen, før personen kunne reddast ut. Sogn Avis sin reporter på staden melder at føraren vart redda ut klokka 17.18 og at bilen kom på vegen igjen klokka 17.42.