Hopp til innhold

Bil utbrent etter utforkøyring på E39: Ein person og ein hund ut av bilen

Klokka 15:41 fekk politiet melding om ein utforkøyring på E39 i Høyanger. Minutt seinare stod bilen i full fyr. Føraren er sendt til sjukehus for sjekk.

Bil køyrde utfor vegen på E39 på eit jorde ved Rå i Høyanger.

BILBRANN: Ein bil køyrde utfor vegen på E39 ved Rå mellom Lavik og Vadheim i Høyanger.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Retting: I eit tidlegare utkast kom det fram at både førar og hund kom frå ulukka utan alvorlege skader. Det er no retta til at hunden vart avliva.

Bilen køyrde utfor vegen på E39 ved Rå, åtte kilometer aust for Lavik ferjekai i Høyanger kommune.

Ein person og ein hund kom seg ut frå bilen. Personen hadde ikkje alvorlege skader, men hunden vart avliva.

– Føraren er sendt til Førde sentralsjukehus for behandling, seier Eivind Hellesund, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Bilen som køyrde utfor brenn ikkje lenger, og brannvesenet driv no ettersløkking. Bilen står på eit jorde langs E39.

Bilen skal ha køyrd utfor på ei rett vegstrekkje, treft grøfta fått eit kast, landa på sida og deretter teke fyr, opplyser Vest politidistrikt på Twitter 17:12.

Politiet opprettar sak og vil etterforske hendinga vidare.

Alle naudetatane rykka ut mot ulukka. Ambulanse var først på plass. Om lag 16:10 var brannvesen også framme ved staden. Rett før 16:30 er også politiet framme.

Ein bil byrja å brenne etter utforkøyring på E39 i Høyanger.

UTBRENT: Bilen er totalskadd etter brannen.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Prøvde å sløkkje brannen

Jardar Raa Haugland bur rett ved der bilen køyrde utfor og såg dramatikken utfalde seg. Han låg og sov etter eit nattskift og vakna av eit stort smell.

På den vesle tida han brukte på å komme seg ut, hadde fire bilar frå køen kome til og fått bilen opp att på hjula og fekk føraren og bilen ut.

SÅG BRANNEN: Jardar Raa Haugland bur rett attmed der bilen køyrde utfor, og såg bilen byrja å brenne.

VITNE: Jardar Raa Haugland sprang ut for å hjelpe å sløkkje bilbrannen.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Dei var flinke, dei redda truleg liv.

Rett etter byrja det å ryka frå panseret. Kort tid etter stod det flammar opp frå bilen.

– Eg og fleire andre prøvde å sløkkje bilbrannen, men det var ikkje hjelp i med vanlege sløkkeapparat. Vi måtte berre la det brenne.

Då brannvesenet kom til staden stod det full fyr, og det var svart røyk over heile plasse. Då brannvesenet kom var det full fyr og svart røyk over heile plassen.

Må skifte straummast

Det var store køar på vegen, men kring klokka 16:10 opplyser ein tipsar til NRK at trafikken får passere. Ulukka skjedde i 80-sona.

Politiet prøver å dirigere trafikken, kan vegen bli stengd i kortare periodar, opplyser operasjonsleiar Hellesund til NRK.

Ei straummast langs vegen vart skadd etter ulukka, men ingen skal ha mista straumen.

Pressevakt ved BKK, Per Rune Henriksen, seier til NRK at ei mast med teleleidningar har blitt skadd.

– Mannskap frå BKK har vore på staden. Straummasta er såpass skadd at den må bli skiftast snarast. Vi jobbar med å få sett opp ny i løpet av dagen.

UTFOR: Bilen køyrde utfor på E39 ved Rå i Høyanger kommune.