Hopp til innhold

Bil køyrde i steinar

Ein bil med to personar har køyrt i steinar som har kome ned i vegbana utanfor Kolnostunnelen på fv. 53 i Årdal. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, men det er noko materielle skadar på bilen, opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. Vegen er stengt og politi, brannvesen og entreprenør er på veg til staden. Finnsåstunnelen er også stengt i samband med ulukka.