Bil køyrde i fjellveggen på Voss

Ein person er sendt til legevakt etter ei trafikkulukke i Jordalstunnelen på Voss. Ein bil med fire personar har køyrt i fjellveggen, og den eine personen kjenner på smerter, skriv politiet på Twitter. Bilbergar er på staden og hentar køyretøyet.