Hopp til innhold

Bil køyrde i elva i Vik

Ein person er sendt til legevakta etter at ein bil hamna i Vikjaelva i Vik. Skadeomfanget er førebels uvisst. Det var eit vitne som melde frå om utforkøyringa på fylkesveg 5601 Seljadalsvegen. Ulukka skjedde i møte med eit større køyretøy. Føraren var åleine i bilen. Politiet opplyser at elva ikkje er djup. Det skal også vere glatt på staden.

Trafikkuhell i Vik
Foto: NRK