Hopp til innhold

Bil i fjellveggen i Øygarden

Ein bil med fem personar i har køyrt i ein fjellvegg langs Søre Fjellavegen. Alle fem er ute av bilen og bevisste. Skadeomfanget på personane er endå uvisst, men det er store materielle skader på bilen. Politiet er framme på staden. Eitt køyrefelt er ope og trafikken blir dirigert forbi.