Hopp til innhold

Betre kontrollar hindrar brannar på gardane

Varmesøkjande kamera er årsaka til den kraftige nedgangen i gardsbrannar i Norge.

Brann i fjøs

FÆRRE BRANNAR: Tal frå Gjensidige viser at talet på brannar går ned i heile Norge.

Foto: Gjensidige

Det seier Frode Narud som er ansvarleg for risikostyring innan landbruk i Gjensidige.

– Den kontrollforma vi no gjennomfører, avdekker brannfarlege feil. Dette har redda enorme verdiar og spart mange dyreliv.

I 2017 blei det meldt inn 924 brannar i driftsbygningar til forsikringsselskapet. Dette er 200 færre enn i 2016, og ein kraftig nedgang sidan toppåret 2014 der 2843 brannar blei meldt til inn.

– Vi ser ein nedgang i talet på skader over heile landet. Vi har greidd å snu ei kurve som dessverre gjekk oppover, og no ser vi ei vesentleg forbetring når det gjeld brannar.

Finn farlege feil

Narud seier at dei har blitt strengare på kontroll av elektriske anlegg. Kvart år sjekkar dei 3500 gardsbruk.

– Over fleire år har vi sett at hovudårsaka til brannar i landbruket skuldast feil på elektriske installasjonar. Den kontrollforma vi no gjennomfører, avdekker brannfarlege feil.

No håper han trenden vil vare og seier dei forsterkar rutinane rundt kontrollane.

– Vi nyttar termografikamera, og det blir viktig å heile tida forbetre strukturen rundt desse kontrollane. Det er mange involverte, som installasjonsfirma, kontrolløren og bonden. Vi har eit mål om å få gjennomført så mange kontrollar som mogleg dei kommande åra.

Halvering

Også i Sogn og Fjordane har det vore ein stor nedgang. Ikkje sidan 2012 har det vore så få brannar på gardsbruk her som det var i fjor. I 2017 blei det meldt om 93 gardsbrannar til forsikringsselskapet, og dette er ei halvering sidan 2017.

– Har det vore eit vore branntilfelle og nokon har sendt inn skademelding, blir det registrert som brann, seier han.