Hopp til innhold

Plutseleg rann bestillingane for sommaren inn hos Eva og Oskar

Vil du besøke dei mest populære destinasjonane i Noreg, er det lurt å skunde seg. Tre av fire nordmenn planlegg å feriere «heime».

Eva Hallaren og Oskar Andersen ved Villa Solvorn

GJESTEHUS VED FJORDEN: Eva Hallaren og Oskar Andersen har fått dobla talet bestillingar dei siste par vekene.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Tidlegare i vår var det litt labert, folk venta kanskje på nye koronareglar. Men no har det losna, seier Oskar Andersen.

Saman med kona Eva Hallaren eig og driv han det tradisjonsrike gjestehuset Villa Solvorn ved Lustrafjorden i Sogn.

– Og med kjempevêret som har vore er det veldig trykk i helgene. Det er kjekt, seier Andersen.

Ifølge ferieundersøkinga til NHO Reiseliv planlegg sju av ti nordmenn å feriere i Noreg i sommar.

Berre éin av ti planlegg å feriere i utlandet.

Solvorn i Luster.

SOLVORN I LUSTER: Ein undersøking Norstat har gjort for NAF viser at 34 prosent planlegg bilferie i Noreg i sommar.

Foto: Ole Henrik Nitter Walaker

– Lommar med ledige plassar

– Populære hotell på attraktive destinasjonar kan nok alt vere fulle i skuleferien. Det same gjeld familieparkar og populære attraksjonar, seier Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv.

Ein undersøking Norstat har gjort for NAF viser at 34 prosent planlegg bilferie i Noreg i sommar.

I aldersgruppa 18 til 29 år svarer 47 prosent at planlegg ein «aktiv ferie med fotturar og naturopplevingar».

2021-sesongen blir kortare enn vanleg, men Bergmål trur juli blir ein kjærkomen opptur for mange.

Huske på Trandal

TRANDAL: Ifølge ferieundersøkinga til NHO Reiseliv planlegg sju av ti nordmenn å feriere i Noreg i sommar.

Foto: Michaela Potterbaum

I mai og hittil i juni hadde medlemsbedriftene deira færre bestillingar enn i eit normalår.

– Eit tips i år er å reise litt utanfor allfarveg i juli, der ikkje alle andre reiser, seier ho.

Då Finn.no tok tempen på sommarbestillingane i slutten av mai, kom Sørlandet best ut.

– Dei som vil hit må hive seg rundt og booke, seier dagleg leiar i Visit Sørlandet, Synnøve Elisabeth Aabrekk.

Sol og sjø, Dyreparken i Kristiansand og aktivitetar som kajakk, sykkel, klatring og surfing er mellom det som dreg folk sørover.

– Det ser bra ut over heile linja, men vi har lommar med ledige plassar, seier ho.

Hunderfossen Eventyrpark.

HUNDERFOSSEN: – Populære hotell på attraktive destinasjonar kan nok alt vere fulle i skuleferien. Det same gjeld familieparkar og populære attraksjonar, seier Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv.

Foto: Privat

– Folk har sete på gjerdet

– Eg ville ha begynt å planlegge og booke ferien no, ja, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, med tilvising til at sju av ti planlegg for noregsferie.

I ei undersøking organisasjonen gjorde i midten av mai svarte 64 prosent av spurde reiselivsbedrifter at bookingnivået for juni, juli og august er lågare enn i eit normalår.

Nesten halvparten (46 prosent) av bedriftene oppgav «betydeleg færre bestillingar».

20. juni ventar NHO Reiseliv nye tal og håpar å sjå litt av «gjenopningseffekten» mange stader.

– Vi håper at reiseliv og servering får ein etterlengta oppsving i dei kommande månadene, seier Devold.

Glamping i skogen

GLAMPING: – Begynn å planlegge og booke ferien no, oppmodar Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Mange har bestilt i fellesferien

Hotelldirektør Ingrid Prestegard på Brakanes Hotel i Hardanger var blant fleire som var spent før sommarsesongen ettersom utanlandske arbeidarar ikkje får kome til Noreg.

No har dei tilsett fleire norske ungdommar og bur seg sommaren.

– Det ser lovande ut. Bestillingane per dags dato samanlikna med i fjor er mykje betre. Du bør hive deg rundt og booke viss du har tenkt deg til desse trakter, seier ho.

Kva betyr sommarvekene for hotellet?

– Det er kjempeviktig. Sommarmånadene gjer at ein kan overleve vinteren.

Ingrid Prestegard, hotelldirektør Brakanes hotel

SER LOVANDE UT: – Bestillingane er per no betre enn på same tid i fjor, seier direktør Ingrid Prestegard ved Brakanes Hotel.

Foto: Tale Hauso / NRK