Hopp til innhold

Bergensbanen opna igjen

Feilen på Bergensbanen er retta, og toga går igjen som normalt. Pressevakt Britt-Johanne Wang i Bane Nor seier søndag morgon til BT at feilen vart meldt retta like etter klokka 1 i natt. – Etter kva eg veit, er det heller ingen følgefeil. Toga køyrer som normalt, seier Wang. Bergensbanen vart laurdag stengt mellom Hallingskeid og Finse på grunn av straumproblem. Eit tog med 250 passasjerar vart ståande i fleire timar i ein tunnel mellom Fagernut og Hallingskeid.

Togpassasjerer på Finse venter på tog etter at Bergensbanen har vært stengt i flere timer
Foto: Webkamera / Bergens Tidende