Bergen skal lagra meir karbon

Bystyret i Bergen har vedteke at kommunen skal vera med på 4 per 1000-initiativet. Organisasjonen jobbar for å lagra meir karbon i jorda, og meiner at det er gunstig for mellom anna CO₂-mengda i lufta og kvaliteten til matjorda. – Eg gler meg til å ta fatt på dette arbeidet, seier byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Haakon Bakke (MDG).