Hopp til innhold

Svømmeklubb frustrert over kommunale sparetiltak: Barn med blå lepper og tårer

Varmt vatn vart så dyrt at kommunen sette ned temperaturen i det splitter nye badeanlegget. Norges Svømmeforbund meiner temperaturen burde vore mykje høgare.

basseng kronstad skole kaldt badevatn Yuliana Ng og Maren Solem-Lygre

KJØLIG: I bassenget på Kronstad skole er det no mellom 27 og 28 grader. Det er for kaldt for nokre av gruppene som brukar bassenget.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

«De velger å gå i dusjen i stedet for å ha leketid fordi de fryser sånn».

«Det dreper lysten til å svømme blant veldig mange av barna. De er helt blå på leppene etter hver trening».

«Det haster».

Dette er utdrag frå nokre av klagene kommunen har fått på det heilt nye bassenget som stod klart i fjor sommar.

Som mange andre kommunar har Bergen villa spara straum det siste året.

Det har fått store konsekvensar for svømmeopplæring for barn.

Bergens Svømme Club (BSC) sine medlemmar har bokstaveleg talt fått kjenna det på kroppen.

yuliana ng

Yuliana Ng er svømmeskuleansvarleg i BSC.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Blå på leppene og tårer

Gjennom hausten, vinteren og våren har fleire slutta på svømmeopplæring.

– Det er kaldt i lufta og kaldt i bassenget. Vanlegvis sender me dei i dusjen for å varma seg, men det er kaldt der òg, seier Yuliana Ng, svømmeskuleansvarleg i BSC.

Ho skildrar barn som blir blå på leppene, som blir forkjølte og som grin. Ifølgje ho er det lite svømmeglede å spora.

– Det er mange som sluttar på grunn av temperaturen.

Anlegget stod klart i juni 2022. Sidan hausten har BSC hatt svømmetreningar der. Og omtrent samtidig bestemte kommunen at temperaturen skulle ned.

Sidan har BSC opplevd anlegget som for kaldt.

basseng kronstad skole kaldt badevatn

Bassenget er tilrettelagt med rullestolrampe.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Ikkje gunstig

Maren Solem-Lygre er leiar i BCS. Ho forklarar at problemet er størst for dei minste barna.

– Når du begynnar å læra deg å svømma, så er du kanskje litt engsteleg, kanskje litt redd og då bygger kaldt vatn opp under litt høge skuldrer. I varmt vatn kan du gjerne leika, plaska og ha det kjekt.

basseng kronstad skole kaldt badevatn Maren Solem-Lygre BSC

Maren Solem-Lygre seier anlegget er «heilt fantastisk», men at det er for kaldt.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Bassenget på Kronstad er eit opplæringsbasseng. Det er universelt utforma, tilrettelagt for barn med spesielle behov og har mellom anna rampe for rullestol.

– Et slikt basseng bør ha ein temperatur på mellom 30 og 34 grader, avhengig av alder på dei som svømmer og kva for aktivitet dei driv med, seier Jan Kjensli i Norges Svømmeforbund.

På Kronstad er temperaturen mellom 27 og 28 grader. Det er vanleg temperatur i eit basseng for trening og konkurranse for ungdom og vaksne.

– Temperaturen i dette bassenget er ikkje gunstig, seier han.

Kommunen viser til at det er krav om at nye anlegg skal vera universelt utforma og at dei har andre basseng med høgare temperatur.

«Umulig å lære å svømme»

Mange foreldre har tatt kontakt med klagene sine. Sidan BSC ikkje rår over temperaturen, har dei sendt dei vidare til kommunen.

«Vi betaler for svømmeopplæring, men det er umulig å lære å svømme under disse forholdene».

«På sist svømming var det tre barn som ikke ville være i vannet».

«Hvis ikke temperaturen økes, tar jeg barnet ut av svømmeopplæring. Han er blå på leppene og kald på beina hver gang etter opplæring».

– Det er veldig, veldig synd at barn og unge ikkje får læra seg å svømma og ikkje får ta del i vassglede fordi bassenget er kaldt, seier Solem-Lygre.

Peikar på politikarane

– Tiltaka er gjort for å redusera energiforbruket og for å få ned kostnaden til energi. Bergen kommune hadde ein stor auke i energikostnadene i fjor, seier Harald Blytt i byggteknisk avdeling i kommunen.

Han seier dei generelt har fått færre klagar enn dei hadde venta etter at kommunen valde å senka temperaturen i dei kommunale anlegga.

Han viser til at det er eit politisk vedtak som ligg til grunn for temperaturendringa.

På same måte må det eit nytt politisk vedtak til om temperaturen skal opp igjen.

basseng kronstad skole kaldt badevatn

For dei meir aktive barna er ikkje temperaturen eit like stort problem.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Politikarane tek tak

Solem-Lygre i BSC seier tilsette har brukt våtdrakter for å halda varmen. Ho viser òg til at sjukefråværet deira har gått opp denne vinteren.

Førebels meiner dei at dei har gjort det dei kan for medlemmane sine.

– Me har sendt dei minste til eit anna basseng med varmare vatn, men det er ikkje plass til alle, seier Ng.

No håpar dei at kommunen vil endra temperaturvedtaket før svømminga startar att i haust.

Og det er håp om eit varmare basseng framover. Kommunen har no skrudd opp att temperaturen frå 27 til 28 grader.

– Ein ting er å slutta på svømming. Det andre eg har blitt gjort merksam på er at barn ikkje ønskjer å delta i svømmeundervisinga på skulane våre. Når me no får desse beskjedane, så må me auka temperaturen igjen, seier byråd for skule og idrett, Linn Katrin Pilskog.

Ho får støtte av byråd for eigedom, Per-Arne Larsen.

– Eg tenkjer det er viktig at barn får god svømmeopplæring. Når eg får beskjed om at redusert temperatur fører til færre barn i opplæring, meiner eg det er grunn til å vurdera akkurat dette på nytt, seier han.

basseng kronstad skole kaldt badevatn

Bassenget var nytt i juni 2022.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK