Brann-keeper nektar tabbe

Ny rot frå keeper såg lenge ut til å føre Brann mot tap i «sekspoengskampen». Keeperen sjølv hevdar det ikkje er nokon tabbe.

O9xt5EeHMt8

TABBE? Stabæk-spelarane jublar etter at Brann-keeper Lennart Grill fomla det til framfor eige mål.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

På skotet frå 35 meter måtte den tyske keeperen sjå ballen sprette i sitt eige bryst før ballen på merkeleg vis hamna i nettmaskane bak han.

Sjølv vedgår keeperen det kan sjå rart ut, men han nektar for at det er nokon tabbe.

– Ballen fekk ein ekstra sprett i ei grop i banen. Det er umogleg å ta ballen i ein slik situasjon, seier Brann-keeper Lennart Grill.

Trenar Eirik Horneland vedgår at laget slit med mange tullete mål imot. For å bedømme målet i dag må han sjå gjennom det i etterkant.

– Kan det vere aktuelt å bytte keeper?

– Nei, seier han.

Y5BDJnXcdg8

SKIFTER IKKJE: Det er ikkje aktuelt å skifte keeper, seier Brann-trenar Eirik Horneland.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Berga på overtid

Etter 90 minutt spel såg det ut til at heimelaget måtte forlate Brann Stadion på direkte nedrykksplass, før Kasper Skaanes på overtid sende brannsupporterane til himmels.

Etter ein svak klarering frå bortelaget hamna ballen hos Brann og Skaanes som på meisterleg vis sette ballen i venstre hjørnet for keeper – og med det redda eitt poeng i den skjebnesvangre kampen i botnsjiktet av Tippeligaen.

– Det målet er særs viktig for oss, seier Brann-trenar, Eirik Horneland.

Med 1-1 held Brann på kvalikplassen, eitt poeng framfor Stabæk – åtte kampar igjen før ligaslutt.

cFE6RCViJQQ

BERGA: Skåring i sluttminutta berga eitt poeng for heimelaget Brann i botnstriden mot Stabæk.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Mobilisert troppane

Statistikken låg før kampen på vertane si side, som ikkje har tapt heime mot Stabæk sidan 2014.

Sjølv om Brann tidvis viste takter i kampen forventa nok dei fleste eit betre heimelag.

Forut kampen hadde Bataljonen jobba iherdig for å mobilisere supporterane til kamp. Med 13.000 selde billettar syna det innsatsen hadde ført til optimisme og stor trykk i Bergen og på Brann Stadion.

Fleire av spelarane på heimelaget hadde aldri spelt framfor eit så stort bergenspublikum tidlegare.

Brann-trenaren trur atmosfæren og stemninga rundt kampen vart uvand for spelarane.

– Det såg ut til at me trong litt tid for å spele oss inn i kampen. Det var noko engsteleg over oss i dag, seier Horneland.

– Må Brann innstilla seg på i beste fall å få kvalikplass?

– Det er det for tidleg å seie. Me kjem til å kjempa heilt inn, seier han.

_qIAgH5dqgA

SKJEBNEKAMP: Det var stort oppmøtet på Brann Stadion i skjebnekampen mot Stabæk i kveld.

Foto: Marit Hommedal / NTB