Hopp til innhold

Ber folk spare på straumen

Straumabonnentar i SFE sitt område blir bedne om å spare på straumen. Alle dei tre store kraftselskapa i fylket jobbar no på spreng utover kvelden for å gi folk straum.

Telys
Foto: Ruzanna Arutyunyan / ColourBox

– Vi oppmodar dei som har fått attende straumen om at dei sparar så mykje dei kan inntil situasjonen i fylket har normalisert seg.

Det seier kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Kraftselskapet håpar på denne måten å unngå overbelastning av nettet, slik at fleire raskare vil få straumen tilbake.

NRK.no har hatt ein ringerunde rundt til dei tre største kraftleverandørane i fylket. Slik er stoda klokka 16 andre juledag:

SFE:

  • Selje: Heile kommunen er ute, og sannsynlegvis vil ikkje straumen vere attende før tysdag 27.
  • Vågsøy: Straumen tilbake til og med Deknepollen. Vi vil forsiktig forsøke å kople på kundar i Måløy utover kvelden.
  • Bremanger: Bortsett frå Svelgen er heile kommunen utan straum, og det kan bli vanskeleg å få kopla inn resten i dag.
  • Flora: Florø by fekk i dag att straumen mens øygarden vest for Florø og nokre bygder mot Naustdal er utan straum.
  • Eid: Store delar av Eid fekk i dag att straumen – usikkert når resten av kommunen vil få den att.
  • Gloppen: Delar av Sandane har fått att straumen, mens resten av kommunen ikkje vil få att straumen før tysdag 27. Dette skuldast omfattande feil i hovudforsyninga til indre Nordfjord som ikkje er mogleg å rette før tysdag.
  • Stryn og Hornindal: Desse blir påverka av same feilen som Gloppen, og vil først ha straumen attende tysdag.
  • Jølster: Store delar av Jølster er ute som følgje av feil på linja mellom Moskog og Skei. Det kan vere at desse kundane får att straumen i løpet av dagen, men dette er svært usikkert.

– Generelt er det framleis mange feil, og fleire av dei omfattande, på både hovudforsyninga og lokalnettet. Lågt skydekke i store delar av Nordfjord måndag 26. har også redusert omfanget av linjebefaring og transport av mannskap og materiell med helikopter, seier Sårheim.


Sunnfjord Energi:

  • Straumen er attende i dei fleste tettstadane og Førde by.
  • I Jølster har Vassenden og nordsida av Jølstravatnet fram til og med Hegrenes har fått att straumen. Skei har ikkje straum.
  • Naustdal, med unntak av deler av Dalen, Gaular, Hyllestad og Fjaler har straum.

– Men ei rekkje av dei mindre bygdene og grendelaga i desse kommunane er utan straum og vil truleg ikkje få den att i kveld, seier nettsjef Helge Robert Midtbø.

Blant dei som ikkje har straum er Angedalen i Førde og Guddal i Fjaler.

Midtbø fortel at erfarne everkstilsette ikkje har opplevd liknande.

– Vi har meir trevelt no enn vi hadde ved nyttårsorkanen i 1992, fastslår Midtbø.

Sognekraft:

  • Leikanger og Balestrand kan måtte bu seg på å vere utan straum til tysdag. Det blir jobba på spreng med å få opp att linjene, men det er snakk om store skader på nettet.
  • Fjærland får ikkje att straumen andre juledag.
  • I Sogndal førerer eit brot på linja mellom Leirdøla og Årøy at ein ikkje har nok straum til heile Sogndal kommune.
  • Fresvik og Feios får truleg straumen attende i løpet av kvelden. Vikøyri har straum.

– Vi jobbar hardt i alle områda. Men det har vore så mykje trefall og linjebrot rundt om at vi kan ikkje garantere noko, seier pressetalsmann Tor Yttri.

Blant dei mindre aktørane rapporterer også Luster Energi om store problem.

Dei større tettstadane har straum men Veitastrond, deler av Jostedalen, Solvorn, Sørsida frå Ornes til Sørheim og Mørkridsdalen får ikkje straumen att andre juledag.

– Vi er no i ferd med å få kopla inn att deler av Hafslo og håpar å ha heile området oppe i løpet av kvelden. Dermed har ein fått straum i alle dei større tettstadane, opplyser e-verksjef Anders Molland i Luster Energi.

På grunn av straummangel har ein også hatt problem med pumpene til Hafslo og Solvorn vassverk.

– Dette råkar 1600 innbyggjarar på Hafslo og i Solvorn. Det blir jobba med å køyre til vatn, men vi ber folk spare litt på vatnet, opplyste ordførar Ivar Kvalen (Sp) til NRK.no tidlegare i dag.