Hopp til innhold

Ber folk lukke dører og vindauge

Brannvesenet oppmodar folk som bur i og nær Sande sentrum om å lukke dører og vindauge.

Brann på Sande

RØYK: Innbyggjarane på Sande blir oppmoda om å stengje vindauge og dører for å unngå å få røyken i hus.

Foto: Steinar Lote

Årsaka er at røyken frå brannen kviler som eit teppe over bygda. Sande ligg nede i ein dal slik at det blir lite luftsirkulasjon ved lågtrykk og nedbør.

Politiet oppmodar folk om å halde seg mest mogleg innandørs.

– Røyken legg seg som ei tåke over heile Sande. Det er ikkje godt å vite kva som er i røyken, men det kan vere litt skummel gass i røyken. Difor bør ein vere litt varsam, seier 110-operatør Espen Rysjedal til NRK.no.

Lettare skadd

Brannvesenet skal no ha kontroll over brannen, som starta like over klokka 11 måndag. Ein 43 år gamal brannmann er sendt til Førde sentralsjukehus med lettare skader i samband med arbeidet på staden.

Mannen vart skadd då ei oksygenflaske eksploderte i hendene på han . Ifølgje AMK vart mannen sendt til operasjon ved sjukehuset.

– Etter det vi kjenner til skal han vere skadd i ein fot, men vi kjenner ikkje detaljane, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Brannen skal ha starta i andre etasje på Best-stasjonen. E39 var ein periode stengd som følgje av brannen, og verksemdene som ligg i nærleiken vart evakuerte.

Video Brann på Sande

SJÅ TV-SAKA: Brann på Sande.