Hopp til innhold

Brannmann til sjukehus etter brann

Ein brannmann er send til sjukehus med lettare skader etter brannen på bensinstasjonen på Sande.

Video Brann på Sande

BRANN: 20 brannmenn kjempa med flammane på bensinstasjonen på Sande.

Brannmannen skal ha halde ei oksygenflaske då den eksploderte i hendene på han.

– Etter det vi kjenner til skal han vere skadd i ein fot, men vi kjenner ikkje detaljane, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Ho kan førebels ikkje seie noko om dette var ei oksygenflaske som vart flytta ut av stasjonsbygningen eller om dette var ei oksygenflaske brannvesenet sjølv hadde med til staden.

Arbeidstilsynet er varsla.

Ved AMK får NRK.no opplyst at brannmannen, ein 43 år gamal mann, er lettare skadd og sendt til operasjon.

Klokka 13.50 opplyser Alarmsentralen at brannvesenet driv ettersløkking på staden.

– Arbeidet er vanskeleg, for det driv heile tida og blussar opp att, seier Terje Brandsøy ved Alarmsentralen.

Dei vil no be brannvesenet på Bringeland lufthamn om assistanse, for å kunne bruke skum i arbeidet med å få full kontroll på brannen. Ifølgje Brandsøy fryktar ein ikkje lenger at det skal ta fyr i pumpeanlegget.