Hopp til innhold

Brann på bensinstasjonen på Sande

Det brenn i bensinstasjonsbygget på Sande. Delar av sentrum skal vere evakuert.

Video Brann på bensinstasjon på Sande

Brann på bensinstasjon på Sande

Slik såg brannen ut i Sande sentrum

MYKJE RØYK: Slik såg brannen ut i Sande sentrum.

Foto: NRK-tipsar

Politiet fekk melding om brannen 11.02. Det er førebels ikkje mogleg å seie noko om korleis brannen starta.

- Eksplosjonsfaren er ikkje stor

Over 20 brannfolk arbeidde med å få kontroll på brannen. I tillegg til brannfolk frå Gaular og Førde, var også brannvesenet frå Viksdalen på plass.

- Dei angriper no bygget frå alle kantar. I tillegg går røykdykkarane no inn i bygget for å prøve å sløkkje brannen inne, sa Terje Brandsøy ved Alarmsentralen.

Han opplyser at brannvesenet på staden vurderte eksplosjonsfaren nøye og at den i utgangspunktet er liten.

- Dette er ein bensinstasjon, men tankane er gravde ned og skal vere sikra godt. Eksplosjonsfaren skal ikkje vere overhengande, seier Brandsøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fekk kontroll på brannen
Foto: Steinar Lote / NRK

– Skal ikkje vere folk i leilegheita

– Det brann i ei leilegheit som ligg over bensinstasjonen. Etter det vi veit skal det ikkje ha vore folk inne, seier Terje Brandsøy.

Røykdykkarar tok seg i 11.30-tida inn i leilegheita. Klokka 11.50 fekk NRK stadfesta av Brandsøy at det ikkje skal ha vore personar inne i leilegheita.

- Røykdykkarane har vore inne i leilegheita, men måtte etter kvart trekkje seg ut på grunn av sterk varme. Men det skal ikkje ha vore folk inne, seier Brandsøy til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann på Sande

OPNE FLAMMAR: Flammane står ut frå bygningen og har no spreidd seg frå leilegheita.

Foto: Birger Meland / NRK

Lenge usikkert om brannen kunne spreie seg til pumpeanlegget

Han seier det i utgangspunktet skal vere etasjeskiller mellom bensinstasjonen og leilegheita. Dette skulle sikre at brannen ikkje spreidde seg.

Ved 11.50-tida var hovudfokuset til brannvesenet å kjøle ned pumpeanlegget.

- Dei jobbar på spreng for å kjøle ned pumpene. Det er framleis uklart om brannen kan spreie seg hit, seier Brandsøy.

Brannvesenet i Førde vart sendt ut for å hjelpe brannvesenet i Gaular. Dei var framme 11.48.

Evakuerte sentrum

Sande Kro og delar av sentrum vart evakuert. Operasjonssentralen hos politiet stadfestar at dei næraste bygningane til bensinstasjonen vart evakuerte av omsyn til tryggleiken.

– Brannen eskalerte noko veldig, fortalde eit augevitne til NRK.no.

E39 som går like forbi bensinstasjonen var ein periode stengd. Frå klokka 12.45 var det manuell dirigiering på staden.

NRK-reporter Birger Meland var på staden. Han rapporterte om mykje svart røyk som velta ut av bygningen.

Brannvesenet dreiv i 14-tida med ettersløkking etter brannen på bensinstasjonen.

Brann på bensinstasjon på Sande
Foto: Steinar Lote / NRK