Hopp til innhold

Båt sokk etter at han byrja å brenne i ei hamn i Florø

Brannvesenet har kontroll på brannen i Florø, og den om lag 30 fot lange båten har sokke.

Båtbrann i Florø

BRANN: Det byrja å brenne i ein fritidsbåt i Håvågen i Florø.

Foto: NRK-tipsar

– Seglbåten har sokke. Akterenden som stod i brann er under vatn. Det er berre baugen som står på grunna som stikk opp, seier Frode Eide ved Alarmsentralen til Firda.

Politiet stadfestar til NRK at alt er under kontroll.

– Det er snakk om litt miljøskadar, men dette er avgrensa. Lenser ligg ute i sjøen for å ta seg av dette, seier Terje Magnussen ved operasjonssentralen i Bergen.

Det var svært stor røykutvikling på staden, og fleire hus ligg ikkje langt frå hamna. Det kan ha kome ut giftig røyk i samband med brannen.

– Vi tar ein rundtur i nabolaget. Vi informerer om at dersom folk blir kvalme eller får hovudpine, så må dei oppsøke legevakt.

Politiet skal etterforske det som har skjedd og gjere seg ferdige på åstaden i løpet av ettermiddagen. Førebels veit dei ikkje kva som har skjedd.

– Det er altfor tidleg å seie noko om det no, seier Magnussen.

Kort tid

Frå brannen byrja til nesten heile båten forsvann under vatn, gjekk det ein dryg time. Eide sa dette til NRK kort tid innan båten gjekk ned:

– Det brenn framleis litt inni lugaren på båten.

– Me har fått dynka han godt med vatn. Men det kan vere fare for at han søkk. Brannvesenet legg ut lenser frå eigen båt i tilfelle det blir oljesøl frå båten, seier han.

Eide presiserer at dei relativt kjapt fekk kontroll på brannen.

Brygga tok fyr

– Vi fekk melding om ein seglbåt i full fyr i Håvågen i Florø, sa Terje Magnussen i politiet, rett etter klokka 15.30.

Dei fekk beskjeden av brannvesenet, og alle naudetatar er på plass, legg han til.

Båten ligg til kai i Håvågen, og det er også meldt om brannskadar på ein nabobåt. Brygga har også teke fyr, seier Magnussen.

– Men det er ikkje meldt om personar i båten.

Båten ligg i ei hamn med fleire fritidsbåtar rundt seg. Alarmsentralen melder at brannen ikkje er under kontroll, men at dei har fått sløkt mykje allereie.

– Vi er i sving. Ein båt var godt overtent, og så tok det fyr i ei brygge, seier Frode Eide ved Alarmsentralen, og held fram:

– Per no skal det ikkje vere fare for folk.