Barn sjikanerer kvarandre anonymt på nettet

– Foreldre må vera på vakt, seier Barnevakten. Dei fortel at mykje av det som føregår blant barn ned i barneskulealder på nettstaden "Formspring" er direkte ulovleg.

Barn og Internett (Illustrasjonsbilde)
Foto: Bettina Brinkmann / Maxppp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Mange som kontaktar oss, er rett og slett sjokkerte. Det er lærarar som er opprørte over mulegheitene som ligg i dette nettsamfunnet.

Det seier Kjellaug Tonheim Tønnesen, rådgjevar i organisasjonen Barnevakten. Dei gjer foreldre råd om barn og fornuftig bruk av internett og media.

Eksplosjon i bruken av nytt nettsamfunn

På "Formspring" kan ein nemleg vera heilt anonym, om ein ønskjer det. Samstundes kan ein skriva kva ein vil til kven som helst, og meldingane er offentlege for alle brukarane av nettstaden.

Kjellaug Tonheim Tønnesen, rådgjvevar i Barnevakten
Foto: Barnevakten / NRK

Dette er drøyt. Det at ein kan anonymisera seg og eigentleg sei nett kva ein vil, gjer at ein ikkje kjenner noko ansvar overfor dei andre.

Kjellaug Tonheim Tønnesen

Anonym hets vert lettare

Om du opprettar ein profil på Formspring, er det heilt opp til deg sjølv om du vel å anonymisera deg. Tonheim Tønnesen fortel at barn ned i barneskulealder nyttar "anonym"-funksjonen. Mange fordi det gjer det lettare å sjikanera, truga og plaga andre utan å møta konsekvensane, eller måtta stå til ansvar overfor den ein mobbar.

Forskarar meiner dessutan at terskelen for å mobba andre er langt lågare om ein gjer det via internett, samanlikna med å til dømes plaga nokon i skulegarden eller i nabolaget.

Ein rein "mobbefunksjon"?

Mange brukar denne sida rett og slett til å mobbe andre. Ein plagar og trakasserer kvarandre, ein kan stilla grove spørsmål ein elles ikkje ville spurd.

Eit søk NRK Hordaland gjer, viser nettopp dette. Fleire undersøkjingar viser òg at norske barn er i verdstoppen når det gjeld å bruka tid på internett. I tilegg ser dei mest porno på nettet – faktisk har fleire enn dobbelt så mange norske barn sett porno enn jamnaldrande i resten av Europa, viser ei undersøkjing.

LES OGSÅ:

No ber Barnevakten foreldrene om å vakna:

– Her må foreldre vera på hogget! Dei må setja seg inn i kva denne sida vert brukt til, fordi den tydelegvis er så fristande å bruka til å mobba andre, truga kvarandre, driva med sjikane eller stilla vulgære spørsmål.

Mykje av dette er jo forbode, og faktisk direkte straffbart, legg Tonheim Tønnesen til.