Hopp til innhold

– Mobbeterskelen lågare på nett

Terskelen for å mobbe er lågere på nett enn andre stader. Nettekspert rår foreldre til å involvere seg meir i barna sin internettbruk.

Nettmobbing

NETTVETT: Terskelen for å mobbe er lågare på nett, meiner ekspert. Han rår foreldre til å involvere seg i barna sin nettbruk.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Terje Pedersen

Terje Pedersen

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

– Vi ser mange saker der eit ord har blitt feiltolka og har endt opp i ei mobbesak og at folk har følt seg mobba, seier rådgjevar for internett og sikkerheit i Post- og teletilsynet, Terje Pedersen til NRK.no.

– Vi opplever at unge har lettare for å skrive stygge ting om kvarandre på nett. Ting ein aldri kunne tenkje seg å seie ansikt til ansikt, seier Pedersen.

Vil stramme inn

Justisdepartementet har signalisert at dei vil skjerpe lovverket for å stoppe nettsjikane. Fleire bloggarar har den siste tida fått mykje fokus på grunn av sjukane.

15 år gamle «Moe» orka ikkje lenger dei negative kommentarane og valde å leggje opp Noregs mest populære blogg.

– No er ikkje lovforslaget klart, men det som vert diskutert er å gjere det vanskelegare å leggje ut personopplysningar og gjere det lettare å slå ned på brot på den lova, seier statssekretær Astri Aas-Hansen til NRK.no.

Rådet frå Post- og Teletilsynet er enkelt - foreldre må involvere seg i nattbruken til barna sine.

Ein god ressurs

– Vår haldning er at internett er ein utruleg bra ressurs som vi på ingen måte må hindre barna i å bruke. Det viktigaste er at foreldre og barn brukar innsida av hovudet når dei surfar og ikkje klikkar på alle lenker ein ser, seier Pedersen.

Men foreldreinvolvering kan hos mange vere eit problem på grunn av kunnskap. Barna kan meir om data og internett enn foreldra.

– Mange foreldre er usikre på korleis dei skal gripe an barna sin nettbruk. Vi rår til å engasjere seg i barna sin nettbruk, seier han.

Sjølv reiser han rundt på skular for å informere barna om farane ein kan møte på nett.

– Dei er veldig merksamme på kva fysiske trugslar som ligg på nettet. Vi fokuserer meir på bruk av dei sosiale mediene som Facebook og spel. Vi prøvar å forklare korleis dei skal opptre på best mogleg måte, slik at dei ikkje utset seg for fare eller legg ut for mykje informasjon om seg sjølv, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %