Hopp til innhold

Eirik Bakke blir truleg spiss mot Tromsø

Eirik Bakke blir sannsynlegvis køyrd opp som spiss når Sogndal møter Tromsø på søndag.

Eirik Bakke varmar opp

SPISS: Eirik Bakke blir truleg spiss i kampen mot Tromsø søndag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenar Harald Aabrekk vedgår at poengnauda tvingar han til å prøve ting han ikkje har tenkt så mykje på før.

– Vi må snu på alle steinar slik som situasjonen er no. Det fungerte bra på trening med Eirik på topp. Han er speleklok og han har dei offensive kvalitetane som vi ønskjer, seier Aabrekk til NRK.no.

Aabrekk testa ei lang rekke variantar under formasjonstreninga på fredag. Omskiftingane var store, men Eirik Bakke var heile tida plassert som tilbaketrekt spiss, bak enten Cato Hansen eller Espen Olsen.

Aabrekk har vorte kritisert for å forandre for mykje på laget i Sogndal sin tunge og poenglause seriestart. Det er eit nytt og omfattande grep om kapteinen og midtbaneankeret Bakke blir flytta fram.

Ut frå treninga verka det sikkert at samlingspunktet i forsvaret, Even Hovland, framleis ikkje er klar, noko som kan opne for endå fleire forandringar.

Sogndal-spelar Even Hovland

SKADD: Even Hovland har vondt i rumpa, og står difor over kampen mot Tromsø. Han har vore skadd i to veker.

Foto: Arve Uglum / NRK