Hopp til innhold

BA: Fann fleire titals kilo narkotika på danskebåten

Laurdag blei to menn i 20-åra fengsla for grov narkotikakriminalitet etter at Tolletaten tidlegare i veka gjorde funn av «betydelige mengder» narkotika på Fjordline sin passasjerbåt frå Hirtshals til Bergen.

Sundag opplyser politiadvokat Øyvind Røyneberg til BA at det skal dreia seg om fleire titals kilo narkotika.

Seksjonssjef Martin Bjørnstad i Tolletaten ikkje svara på om etaten hadde fått indikasjonar på at dei burde undersøka bilen.

– Det er snakk om eit betydeleg omfang av grov karakter. Dette er det største beslaget me kjenner til på Vestlandet så langt i år, så me er sjølvsagt godt fornøgde med vår innsats, samanfattar Bjørnstad overfor NRK.

Danskebåten Fjordline mellom Bergen og Hirtshals ved Austevoll
Foto: Jon Bolstad / NRK