Hopp til innhold

BA-redaktør mot Israel

- Norske styremakter må velje side for palestinarane, og mot Israel.

Olav Terje Bergo
Foto: Stein Hallingstad / Scanpix

Det meiner redaktør i Bergensavisen, Olav Terje Bergo.

Laurdag held han appell på Torgalmenningen i Bergen, i samband med «Stopp Israel»-aksjonen sin demonstrasjon.

- Bør ikkje støtte Israel

- Norge bør omsider gi opp rolla som nøytral meklar i Midtausten,  og heller støtta palestinarane aktivt, seier BA-redaktøren.

Samd med Gaarder

Bergo er heilt samd med forfattar Jostein Gaarder som meiner Israel ikkje lenger har legitimitet som stat.

- Dei fleste nordmenn er mykje meir kritiske til Israel enn dei fleste rikspolitikarane, slår Bergo fast.

Olav Terje Bergo er tidlegare leiar for Mediebedriftenes landsforening, arbeidsgjevarorganisasjonen alle norske aviser er medlem av.