Hopp til innhold

Avsluttar søket etter Charlotte

I løpet av dagen avsluttar politiet søket etter Charlotte Moene.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Dei offentlege pengane som har blitt brukte i leiteaksjonen etter den 17 år gamle jenta har no teke slutt.

- Ein miniubåt skal søkje i Årdalsvatnet ut dagen, seier lensmann i Årdal, Kristen Olav Grøttebø.

I nesten ein månad har politiet leita etter den 17 år gamle jenta frå Øvre Årdal. Dei har mellom anna nytta seg av spesialhundar, undervasskamera og miniubåt for å finne Charlotte Moene.

Grøttebø seier at lensmannskontoret kjem til å søkje om meir pengar.

- Vi vil søkje om pengar til å søkje i delar av Øvstetunsfossen som aldri har blitt undersøkte på grunn av høg vass-stand. Det er grunn til å tru at vi får desse pengane. Det er fortvilande at vi ikkje har funne ho. Det er vanskeleg for heile Årdals-samfunnet, seier han.