Hopp til innhold

Politiet: – Det er for farleg å halde fram leitinga

Søket etter personen som framleis er sakna i Balestrand blir avslutta grunna stor rasfare i området.

Ras i Balestrand

AVSLUTTAR: Søket etter den siste sakna personen blir avslutta grunna fare for nye ras.

Foto: Robert Jan Leerink

Ved 12.40-tida tysdag vart ein av dei to sakna personane funnen omkomen rundt 300 meter frå det knuste bustadhuset.

Sambuarparet i 50-åra var truleg begge heime då raset gjekk måndag kveld. Ein person er framleis sakna, men stor rasfare gjer til at leitinga blir avslutta for kvelden.

Vil ikkje utsetje mannskapet for fare

Innsatsleiar Geir Harkjerr ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier søket blir avslutta på grunn av tryggleiken til leitemannskapet.

– Det har vore ein utfordrande dag der vi heile tida har hatt tryggleiken til mannskapet vårt i fokus. Det har vore lyttevakt fleire stader i området for å sikre oss mot nye ras, seier Harkjerr til NRK.

Ved 17-tida gjekk ei alpin redningsgruppe og ein redningshund gjennom området for siste gong i dag. No blir arbeidet avslutta.

– Tryggleiken til redningsmannskapet blir kraftig redusert når mørket kjem, for då har vi ikkje kontroll på det som er rundt oss. Vi vil ikkje utsetje mannskapet vår for fare, seier Harkjerr.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innsatsleiar Geir Harkjær ved Sogn og Fjordane politidistrikt

INNSATSLEIAR: Geir Harkjær ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Steinar Lote / NRK

Veit ikkje når søket vil starte igjen

Det er venta mykje nedbør i morgon, onsdag. Politiet seier dei vil vurdere forholda utover natta. Dei veit enno ikkje når leitearbeidet vil starte opp igjen.

Redningsarbeidet kunne ikkje starte før i 11-tida tysdag fordi geologar måtte undersøkje staden. Bustadhuset som sambuarparet budde i vart knust av raset, og berre grunnmuren står igjen.

Dykkarar har også søkt i fjorden, men ved 15.30-tida avslutta dykkarane frå Kystvaktskipet MS «Andenes» leitinga. Dei har vore på 15 meters djup og i eit området på rundt 50 meter frå land.

NETT-TV: Sjå helikopterbilete frå staden

Video Sjå bileta frpå helikopteret

NETT-TV: Sjå bilete frå helikopter som flyr over rasstaden.