Hopp til innhold

Avsluttar leiteaksjonen i Evanger

Politiet avsluttar søket etter den sakna litauaren i Evanger, og byrjar i staden politietterforskinga. No vil dei finne ut om den sakna i det heile er i fjellet.

Leitar etter sakna polsk mann i Ulvik med helikopter

HELIKOPTER: I tillegg til Røde Kors og Norske redningshunder, har helikopter bidrege i søket etter den sakna mannen i Ulvik.

Foto: Vidar Herre / Avisa Hordaland

– No må vi halde alle moglegheiter ope, og noko av det vi vil prøve å undersøkje er om personen det er snakk om i det heile teke har vore i fjellheimen den siste tida. Det seier operasjonsleiar i vest politidistrikt Frode Kolltveit.

Aidas Kackiukas (40) frå Litauen vart sist sett klokka 06:00 tysdag morgon, nord for Evanger i Voss kommune. Både politi og leitemannskap frå Røde Kors har leita sidan den tid, utan hell.

Les også: Vi er helt utslitte, men fortsetter å lete

Heilt utan spor

– Vi har ikkje funne eit einaste spor, sjølv om vi har saumfare eit ganske stort område, og også nytta mykje helikopter. Ingen gjenstandar har dukka opp, og ingen har sett noko som kan gje oss eit hint om kva som har skjedd, seier Kolltveit.

Sjølv om søket no er avslutta, kan det hende at leitinga vil halde fram på fleire måtar når etterforskinga tek til etter helga.

Røde Kors-mannskaper har en kort pause under leteaksjonen i Ulvik

FRAMLEIS HÅP: dette er frå Røde Kors sin leiteaksjon i Ulvik. Den er ikkje avslutta, og det er framleis håp om å finne Tomasz Ziolkolowski i live.

Foto: Stine Håvik / Bømlo Røde Kors Hjelpekorps

– Dette er ansvaret til Voss lensmannsdistrikt frå måndag, men det må jo vurderast om ein skal undersøkje vatn til dømes. Det kan også vere aktuelt å utvide området ein har undersøkt, seier Kolltveit.

Framleis håp i Ulvik

Den andre leiteaksjonen som har haldt på i Hordaland dei siste dagane held derimot fram som før. I Ulvik er det framleis håp om å finne Tomasz Ziolkolowski (30) frå Polen i livet. Også han vart meld sakna tysdag.

– Legen seier til oss at det ikkje er nokon grunn til at den sakna ikkje skal kunne vere i live. Temperatur og ver elles tilseier at det er håp, fortel Kolltveit.

Solsævatnet

Polakken vart sist sett på sundag, då iført turklede og i gåande i retning fjellet Kristinuten. Politiet gjekk ut med namn og bilete for å få hjelp til å finne han.

– Tida jobbar mot oss, men vi held fram utover kvelden, og også utover dagen i morgon. Så må vi etter kvart sjå an om vi har fått inn nye spor eller anna som gjer at vi skal halde fram.