Hopp til innhold

Avslår søknaden om streikedispensasjon for åtte skular

Utdanningsforbundet har avslått Vestland fylkeskommune sin søknad om dispensasjon frå streiken for lærarane ved åtte vidaregåande skular i Bergen. Det opplyser lokallagsleiar Bente Myrtveit i UDF til NRK.

Dei har i staden bede fylkeskommunen senda inn søknadar om kvar enkelt lærar, slik det er beskrive i Hovedavtalen.

– Då gjer me det. Me meiner det me har gjort no, seier fylkesdirektør for opplæring i Vestland, Bjørn Lyngedal. Han seier dei vil søka dispensasjon for alle lærarane på dei aktuelle skulane.