Hopp til innhold

Avdramatiserer narkotikabruk

Lensmann Tormod Hvattum avdramatiserer narkotika og rusproblem blant ungdom i Måløy.

Måløy Brygge
Foto: Ottar Starheim / NRK

No får han støtte frå generalsekretær Marius Sjømæling i Ungdom mot narkotika.

Avgrensa til 15-20 personar

Hvattum seier problema er avgrensa til ein 15-20 personar.
Han meiner media teiknar eit for alvorleg bilete av situasjonen, etter fleire oppslag dei siste dagane om tenåringar som rusar seg på narkotika og alkohol.

- Eg synest det er blitt overdimensjonert. Eit stort fleirtal av ungdomane her er kjekke ungdomar, og det er eit fåtall som vi har i kikkerten, seier lensmannen.

- Rett av lensmannen

Marius Sørensen-Sjømæling
Foto: Ungdom mot narkotika

Generalsekretær Marius Sjømæling i Ungdom mot narkotika meiner det er rett av lensmannen å roe ned det biletet som er skapt om stoda med rusa mindreårige i Vågsøy.

- Dersom det blir teikna eit bilet av meir omfattande rusproblem enn det som er realiteten, så kan ein risikere at rusbruk blir rekna som normalt blant ungdom.

Sjømæling meiner det viktigaste er at foreldra engasjerer seg.

Hasj og amfetamin

Denne veka stod politi, kjøpesenterleiing og foreldrerepresentantar fram i lokalavisa Fjordenes Tidende, og fortalte om problema med rusa ungdomar .

Fredagskveldane er det forsamlingar med rusa ungdom på kjøpesenteret og det er gjort beslag av hasj og amfetamin på skuleelevar.

I følgje politiet langar dei eldre ungdommane rusmiddel til yngre.

Men lensmannen meiner likevel det ikkje er ein alvorleg situasjon i Måløy.

- VI har kontroll

- Det vi opplever av problem er at vi har ein liten kjerne på 15-20 personar. Dei yngre driv med alkohol, medan dei eldre driv med småkriminalitet og andre ting, seier han.

- Er ikkje dette alvorleg?

- Det er alvorleg om andre opplever det som plagsomt, men vi meiner vi har kontroll på dette, seier Hvattum.

- Er du ikkje redd for at dette vil føre til at foreldre og andre ikkje tek dette på alvor når du seier dette?

- Eg synet det er viktig å bringe dette ned på det rette nivået.