Store gjengar med
på kjøpesenteret Måløy Brygge i Måløy sentrum.Overraska over omfanget
Kommuneleg i Vågsøy, Trond Inselseth, seier at omfanget er uventa stort.
- Det er nytt for meg at det har eit slikt omfang viss det er snakk om gjengar på 30-40 ungdomar, seier han.
Problemet ser størst fredagskveldane når opp til 50 ungdomar samlar seg i fellesområda i kjøpesenteret.
- Det er grunn til å få skikkeleg informasjon om kva slags rusmiddel som blir brukt, storleik på problemet og sjå på problemet saman med politi og politikarar, seier han.
- Er dette ei offentleg sak?
- Ja, i den grad i vi har eit ungdomsmiljø som rusar seg i så pass organisert og omfattande grad.
Set i verk tiltak
Kommunalsjef Tone Holvik seier at rusproblemet mellom born og unge er blitt svært tydeleg.
- Det har vore eit problem i varierande grad i periodar, og det har vore sett i verk tiltak før. Vi må bruke dei ressursane vi har og sjå kva vi kan få til, seier ho.