Avblåser redningsaksjon på Voss

Politiet har kome i kontakt med tre unge vaksne i våtdrakter som bada i Raundalselvi på Voss. Ein person om bord eit forbipasserande tog meinte å ha sett ei mogleg kanoulukke og varsla politiet. Eit redningshelikopter har no søkt over elva og situasjonen er avklart.