Bakgrunnen er at ein vil hindra mindreårige skuleelevar å spela på automatane med 18-årsgrense.
Tidslåsen gjer at automatane skrur seg av før skulestart og i storefri.
Vanskeleg å kontrollera
På Knarvik senter er installasjonen allereie i gong, og senterleiar Åge Torsvik håpar dei no får bukt med problemet.
- Bakgrunnen for tiltaket er at me har fått meldingar frå folk om at elevar skal ha stoppa her for å spela på automatar på skulevegen. Me har ikkje klart å kontrollera dette, og difor slår me no av maskinane, forklarer Torsvik.